LÅNERETT
Alle har rett til gratis å låne ved biblioteket så framt dei følgjer utlånsreglane.
LÅNEKORT
Frå skulestart kan alle få lånekort. For barn opptil 12 år må føresette/lærar godkjenne at barnet vert lånar. Barn under skulealder kan låne på føresette sine lånekort.
Misser ein lånekortet, må ein betale kr. 10,- for eit nytt.
Det er ikkje lov å bruke andre sitt lånekort.
UTLÅN
Lånetida er ein månad på bøker, lydbøker og CD-ar. For DVD-ar er utlånstida ei veke. I visse høve kan biblioteket avgrense lånetida, til dømes ved lange ventelister. Lånetida kan fornyast dersom andre ikkje står på venteliste.
RESERVERING
Dersom boka/bøkene du spør etter er utlånt, kan du setje deg på venteliste og få beskjed på mail, sms, telefon når boka /bøkene er klar til henting.
FJERNLÅN
Dersom biblioteket ikkje har boka det er spørsmål etter, kan den, med visse unntak, skaffast frå andre bibliotek. I slike høve gjeld utlånsreglane til det biblioteket som eig boka,
ERSTNINGSSATSAR
Lånaren er ansvarleg for det materialet som er lånt på hans/hennar lånekort, og
pliktar å erstatte bortkome eller skada materiell etter fylgjande takstar:
- Vaksen fagbok: kr.300,-
- Vaksen roman:kr.250,-
- Praktbok/ny bok: Full pris
- Vaksen lyrikk: kr.150,-
- Tidsskrift:30,-/50,-
- DVD/ CD kr. 150,-
- Vaksen lydbok: kr.350,-
- Barn lydbok: kr.250,
- Barnebøker(fag og skjønn):kr.150,-
- Bildebok: kr.100,-/50,-
- Tidsskrift: kr.30,-/50,-






