FELLES LÅNEKORT
Nye, vaksne lånarar  får no eit såkalla felles lånekort eller nasjonalt lånekort. Lånaren vert då registrert i eit sentralt lånarregister, slik at lånekortet kan brukast i bibliotek over heile landet. Dersom du allereie har  dette lånekortet  (frå eit anna bibliotek) og vil låne i Ørsta,  må du vise kortet slik at vi får henta inn opplysningane til vårt lokale lånarregister. For å få nasjonalt lånekort  må  personnummer registrerast.


Dersom du ikkje ynskjer eit slikt  felles lånekort, avgrensar vi det til lokalt og limer på eit merke som viser dette. Det lokale lånekortet kan du bruke på Vartdal, Sæbø og i Ørsta og  Volda.Dette gir vi også til barn.

NAMN OG ADRESSENDRING
Ver vennleg å melde  frå til biblioteket om du flyttar eller endrar namn.

Les meir om lånekortet her http://www.lanekortet.no/brosjyre.htm

 

 

 



Del artikkelen på
Google! Facebook! MySpace! Twitter! Joomla Free PHP