BESØK
Vi set stor pris på at skulane kjem og låner bøker. Vi tek imot klasser også før opningstid .Om de vil kome utanom opningstida, ta kontakt på førehand.
BOKKASSER
Vi lagar i stand bokkasser til dei lærarane som ber om det. Då vil vi gjerne ha beskjed 2-3 dagar på førehand. I tillegg vil vi gjerne vite:
- Kor mange elevar det er i klassa
- Kor mange bøker de ønskjer pr. elev
- Om det er spesielle omsyn vi bør ta i bokutvalet (t.d. om det er mange som treng lettlesbøker)
- Om de vil ha skjønnlitteratur / faktabøker, eller litt av kvart
- Spesielle emne i skjønnlitteratur
- Vi prøver alltid å få med ein del nynorske bøker, men om det er særs viktig at mange av bøkene er på nynorsk, er det fint om de seier ifrå om det
UTDELING AV LÅNEKORT / KLASSEBESØK
Kvart år, helst om hausten, inviterer vi 2.klassingane til å kome på biblioteket. Då deler vi ut lånekort og har bokprat/høgtlesing. Målet er at alle elevane skal verte kjende med biblioteket og vite kva vi kan tilby dei.
For å få lånekort må lærarane få godkjenning av foreldre/føresette på førehand. Før klassa kjem må biblioteket få klasseliste med namn, adresse. tlf.nr., fødselsdato og år og gjerne e-postadr. til foreldra slik at vi får lage klar lånekorta til klassa kjem.
Vi legg opp besøka for 2.klassingane slik:
- Presenterer oss og pratar litt med elevane
- Vi informerer om kvar på barneavdelinga dei finn dei bøkene som passar best for deira alder .
- Gir eit innblikk i kor mange ulike typer bøker som finst.
- Vel ut nokre bøker vi kan prate spesielt om eller lese høgt frå.
ALLE KLASSETRINN er velkomne på biblioteket, men vi har ikkje spesielle opplegg for dei. Læraren kan gi beskjed om han/ho ynskjer noko meir enn berre boklån. Får vi beskjed i god tid, kan vi lage til bokorientering for det aktuelle klassetrinnet og/eller orientere om korleis ein finn fram på biblioteket (Dewey).
FORFATTARAR SOM SKRIV NYNORSK
Rune Belsvik
Arnt Birkedal
Oskar Stein Bjørlykke
Helga Gunerius Eriksen
Frode Grytten
Atle Hansen
Ragnar Hovland
Eva Jensen
Per Olav Kaldestad
Roald Kaldestad
Rønnaug Kleiva
Arnfinn Kolerud
Hilde K. Kvalvaag
Alf Kvasbø
Ingvar Moe
Bente Bratlund Mæland
Erna Osland
Maria Parr
John Roald Pettersen
Ingelin Røssland
Tor Arve Røssland
Hans Sande
Signe Seim
Solfrid Sivertsen
Bjørn Sortland
Torvald Sund
Ragnfrid Trohaug
Marit Tusvik
Lars Amund Vaage
Berit Vatne Vik
Einar Økland






