Ørsta folkebibliotek har ei eiga barne- og ungdomsavdeling. Den finn du til venstre når du kjem inn på biblioteket.

KVA KAN VI TILBY
På barne- og ungdomsavdelinga kan du finne eit breitt utval av bøker for barn og ungdom.  

Vi har til dømes:                                  

  • Peikebøker
  • Biletbøker
  • Barne- og ungdomsbøker  (skjønnlitteratur) innan ulike sjangrar:
  • Fantasy
  • Grøssarar
  • Bøker om kjærleik, om historiske hendingar, dyr, fotball , triste bøker, humoristiske bøker, kort  
    sagt bøker  for einkvar smak, tjukke bøker og tynne bøker, tunge bøker og lette bøker.
  • Fagbøker ( om dei fleste emne)
  • Lettlesbøker
  • Lydbøker 
  • Filmar (DVD).

FARGEKODER PÅ BØKER
For at du skal finne lett fram har vi merka bøkene med fargekode:

  • Barnebøker
  • Ungdomsbøker 
  • Lettlesbøker
  • Bøker på nynorsk

UTSTILLINGAR
Vi har tre forskjellige område sett av til utstilling av bøker :

  • Biletbøker finn du rett innafor døra til venstre. Den høgre halvdelen blir brukt til  aktuelle emne;  til dømes bøkene om den aktuelle årstida ,eller evt. høgtid vi går mot, skulestart m.m. På den venstre delen finn ein nye biletbøker og   elles bøker vi  vil trekkje fram spesielt.
  • Barnebøker -nye bøker for barn  - stillast ut på den runde karusellen. Der finn du også andre bøker vi gjerne vil  du skal leggje merke til.
  • Ungdomsbøker finn du på den store, kvite metallhylla.

KVA KAN DU GJERE PÅ BIBLIOTEKET

I ungdomskroken
har vi sofa og eit lite bord.  Rett bortafor står eit bord med  stolar.
Her kan du til dømes

  • Spele spel
  • Gjere lekser
  • Lese teikneserier/bøker
  • Prate med venner

I barnekroken
står det fine Ludo-bordet vårt, komplett med spelebrikker.
Her kan du til dømes

  • Teikne (vi har teiknesaker)
  • Legge puslespel
  • Spele spel
  • Blade i bøker

 



Del artikkelen på
Google! Facebook! MySpace! Twitter! Joomla Free PHP