Vi prøver å ha eit så aktuelt og variert mediatilbod som budsjettet tillet.

Vi har:

BØKER
Biblioteket har bøker til både barn, ungdom og vaksne.
Skjønnlitteratur: Romanar, noveller, skodespel og dikt.

Vi legg vekt på å  kjøpe inn litteratur for einkvar smak: krim, fantasy, lett underhaldning, historiske romanar, samtidsromanar osv., både norske og utanlandske forfattarar.
Vi har ei lita samling engelske bøker og litt på til dømes spansk, fransk, italiensk.
Samlinga på engelsk vil etterkvart verte oppdatert, kanskje særleg når det gjeld engelske barne-og ungdomsbøker. Bøker på andre språk  kan vi skaffe  frå andre bibliotek
Fagbøker: Vi har bøker  frå fleire fagområde.

LYDBØKER
Vi satsar på lydbøker og kjøper inn så mykje budsjettet tillet. Det er svært populært og utlånet har auka mykje siste åra.Lydbøker på kassett er på veg ut, men utvalet av lydbøker på CD vert stadig betre.

FILM / DVD
Biblioteket har  DVD- ar til både barn og vaksne. Vi legg vekt på å kjøpe inn filmatiserte bøker og anna kvalitetsfilm. Vi satsar no også på å kjøpe inn ein del dokumentarfilm. Vi held på å bygge opp ei  DVD-samling til erstatning for den videosamlinga vi hadde som no er på veg ut

SPRÅKKURS
Vi har ei lita samling språkkurs på engelsk, fransk, spansk, tysk og enkelte andre språk.

MUSIKK
Vi har ei samling CD-ar, mest klassisk, men også ein del jazz, viser og litt anna.
Musikk er det mediet vi har hatt  minst nyinnkjøp av, men prøver å kjøpe inn det som kjem  av lokale musikkutøvarar.

AVISER

  • Møre-Nytt
  • Møre
  • Sunnmørsposten
  • Aftenposten
  • Vårt Land
  • Dag og Tid
Avisene er ikkje til utlån, men vert dagleg nytta av faste brukarar. Det er eit mykje brukt tilbod. Vi tek vare på avisene omlag ein månad med unntak av Møre-Nytt som vi tek vare på alt av. Møre-Nytt har vi alle årgangar av  både i papirutgåve(Unnateke krigsåra og 1973) og på mikrofilm.

TIDSKRIFT
Biblioteket har over 30 tidsskrift. Alle er til utlån med unntak av siste/nyaste nummer.
Sjå liste over tidsskrift. 



Del artikkelen på
Google! Facebook! MySpace! Twitter! Joomla Free PHP