Ørsta folkebibliotek legg vekt på å samle og ta vare på lokalhistorisk litteratur.
BØKER:
Skjønnlitteratur:
Vi har som mål å ha alle romanar, noveller og dikt skrive av ørstingar.
Faglitteratur:
Vi har også som mål å samle alt som er skrive om Ørsta og ørstingar.
Vi har biografiar, jubileumsskrift om ulike lag og organisasjonar, skular, bedrifter m.m. Vi har også bygdebøker og årsskrift frå sogelaga i Ørsta kommune.
Bygdebøker og årsskrift har vi også frå ein del andre kommuner på Søre Sunnmøre og Nordfjord
AVISUTKLIPP:
Vi klipper Møre-Nytt og samlar utklippa i kassettar merka med emne.
AVISER:
Vi har Ørsta Avis og Møre-Nytt i papirutgåve (alle årg. minus krigsåra og 1973(tapt)).
På mikrofilm har vi:
Søndmøre Avis 1902 -1921 (NB:1903-1908 finst ikkje)
Sunnmøre 1921 - 1926
Ørsta Avis 1926 -1941
Møre-Nytt 1935 -
KYRKJEBØKER:
Desse har vi på mikrofilm.






